> inkludert > inspirert > involvert > inkludert > inspirert > involvert > inkludert > inspirert > involvert
HOVUDSIDE
Sjølve ordet "Vineyard" er eit engelsk ord og tyder "Vingard". Idéen om å bruke ordet "Vineyard" som namn på ei forsamling, kjem frå Johannesevangeliet 15 der Jesus fortel ei likning om vingarden. Der seier Han, " Eg er vintreet, og de er greinene." (Joh. 15:5) EI KRISTEN FORSAMLINGSRØRSLE Vineyard er ei kristen "evangelikal" forsamlingsrørsle, og har samme teologiske fundament som f.eks. dei Lutherske kyrkjene, Baptistkyrkja, Misjonsforbundet, Metodistkyrkja, Pinserørsla m. fleire. Evangelikale forsamlingar trur på, og vedkjenner: Ein Gud som er himmelen og jorda sin skapar, Bibelen som Guds openberra ord og endelege autoritet, Jesu kristi inkarnasjon når Gud vart menneske, Jesu Kristi død på korset og oppstoda, Jesus Kristus som er Herre og einaste vegen for tilgjeving av synd og eit evig liv med Gud, o.s.v. EI INTERNASJONAL KYRKJEFAMILIE Vineyard er ei internasjonal "kyrkjefamilie". Der er forsamlingar i mange ulike land som står i relasjon med kvarandre i eit internasjonalt nettverk. Formålet med nettverket er å legge til rette for støtte og oppmuntring mellom forsamlingar og leiarar. I dag finnes det Vineyard forsamlingsnettverk i dei fleste vesteuropeiske land, og mange nye forsamlingar er under etablering. Kvart år samlast Vineyardleiarane i Europa til ein felles Europeisk leiarkonferanse. Den internasjonale leiaren i Vineyard, som kanskje har vore mest kjent i Norden, heitte John Wimber. John var pastor i Vineyard Christian Fellowship i Anaheim, California fram til 1997. No er han heime hos Herren. Han har vore i Norge ved fleire høve, på store økumeniske fornyingskonferansar. EI NORDISK KYRKJEFAMILIE I byrjinga av 90 talet starta ein nye forsamlingar i Stockholm, Oslo og eit par andre stader, etter initiativ frå Nordiske kristne leiarar. Sidan 1992 har fleire nye forsamlingar blitt etablert som relaterer til Vineyards kyrkjefamilie i dei Nordiske landa. Forsamlingane er frittståande, men fungerer i nær relasjon med andre Vineyardforsamlingar og andre Vineyardleiarar gjennom regelmessige leiarsamlingar og personleg kontakt. EI KYRKJEFAMILIE MED FELLES VERDIAR Kristne forsamlingar har på grunnplanet same truslære der Jesus Kristus er "hjørnesteinen". Kvar forsamling har likevel sitt særpreg og sin personlegdom. Ulike kyrkjer vektlegg ulike verdiar, og ofte prioriterer dei ulike aspekt ved det kristne livet i sin undervisning og sitt liv saman. Ein del saker som blir vektlagt i Vineyard er f.eks: @ Kjærleik til Gud uttrykt gjennom lovsong, musikk og kreativitet. @ Jordnær bibelundervisning som er teologisk velfundert. @ Lengsel etter Guds nærvær der Guds Heilage Ande pregar fellesskapet @ Uformelt og avslappa miljø der vennskap & relasjonar kan byggast. @ Trening for å vekse i karakter og til å tene andre med andens gåver. @ Enkel og udramatisk stil der det ekte og opne pregar omgangstonen. @ Kjærleik i praksis ved å tene andre i staden for å være sjølvgode. @ Gjestfri holdning til åndeleg søkjande og kristne frå andre kyrkjer EIN DEL AV GUDS FOLK Ei grunnleggjande haldning som er viktig i Vineyard, er ein aksept av alt Guds folk, og ein respekt for dei ulike forsamlingsrørsler og trussamfunn som finnes. Med andre ord, vil ein ikkje være ei elitistisk eller sekteristisk rørsle som ser på seg sjølv som Guds einaste effektive reiskap. I staden ser vi på Vineyard som ei stamme blant Guds store folk, eitt lite uttrykk for Guds kyrkje i verda, ei grein på Guds rikes store tre. Ingen av dei kyrkjer som finnes, greier å nå alle i bygda, byen eller landet ein bur i, med evangeliet om Jesus Kristus. Alle forsamlingane trengst med sitt unike preg og sin personlegdom. Alle dei ulike delane av kyrkja, Kristi kropp, treng kvarandre. Difor vert Vineyardleiarar oppmuntra til å søke regelmessig kontakt og fellesskap med andre kristne kyrkjer og pastorar/prestar i sin bygd eller by. EI FORSAMLINGSPLANTANDE RØRSLE Ein del menneske er opne for evangeliet og dessutan tiltrekte av dei forsamlingane som finnes, og finn sin andelege heim utan vanskar. Men det finnes mange som har ei personleg gudstru og som er opne for evangeliet, men som ikkje finn seg til rette i dei kyrkjene som finnes. Av og til ser det ut som dei er opne for evangeliets innhald, men har blitt forhindra av "innpakninga", d.v.s. ytre former og strukturar. I Vineyard er ein overtydd om at det trengst nye forsamlingar, som kan presentere det "gamle evangelium" men kanskje med litt anna "innpakning". Mangfald og variasjon blant forsamlingar, trengst for å nå den enorme mengda ulike menneske med ulik livsstil og kultur, ikkje minst i Norden. Over heile verda er det statistisk bevist, at forsamlingplanting er ei av dei mest effektive metodane for å sjå nye menneske kome til tru og sjå Guds rike bli utbreidd lokalt. EI FORNYINGSRØRSLE Dei fleste Vineyardforsamlingar er relativt nye i historisk perspektiv, og nye forsamlingar har gode forutsetningar for å kunne prøve og innføre nye møteformer, nye strukturar, nye musikkstilar, nye metodar o.s.v. Mindre hensyn til tradisjonar og etablerte former trengst, og det kan være lettare å gi plass til nye ting som Herren vil gjere i forsamlinga. I eit slikt miljø veks det fram nye former og erfaringar som kan være ein fornyelsesresurs for meir etablerte forsamlingar. Det er vårt ynskje å kunne være til velsigning for andre kyrkjer og organisasjonar. Vi gler oss når vi får gi bidrag til Guds rike, til Kristi kyrkje på denne måten. Når alt kjem til alt så er det Guds rike vi ynskjer å utbre, og vi treng alle kvarandre i dette oppdraget. Ein liten del av Guds store mosaikk Til slutt vil vi sei at vi ser Vineyard som ein liten del mellom mange andre vakre delar i Gudsrikets store mosaikk, der Jesu Kristi speilbilde er i ferd med å ta form, der Jesu Kristi namn står over alle andre namn, og der all ære høyrer Gud til. HERRE LAT DITT RIKE KOME! |