> inkludert > inspirert > involvert > inkludert > inspirert > involvert > inkludert > inspirert > involvert
HOVUDSIDE
Vi vil at du som kjem til Vineyard for fyrste gong skal kjenne deg heime, og at du skal forstå kva som foregår når vi samlast. Difor har vi skrive litt informasjon om kva som skjer i ei gudsteneste. . . . SOM DU ER For det første vil vi sei, at du kan være akkurat den du er! Ein del av dei som kjem på Vineyard sine ulike gudstenester er ikkje vedkjennande kristne sjølve, men kjem for å sjekke ut kva vi held på med, og for å lære meir om den kristne trua. Om det er slik med deg, så må du kjenne deg heilt fri til å lytte og være med på det som skjer, så mykje eller så lite som du sjølv vil. Det er OK å være tilskodar. Om du er kristen og er på besøk, får du også naturlegvis kjenne deg fri til å være med så mykje eller så lite du vil. GUDSTENESTE . . . KVA ER DET? I Bibelens undervisning blir vi oppmuntra til å kome saman regelmessig, og der er eit spennande løfte i Bibelen om at når vi samlast vil Gud være med på samlinga på ein spesiell måte. Ein kan seie det slik at ei "gudsteneste" er eit møte med Gud, ei samling der Gud sjølv er med, samstundes som det er ei samling der vi møter kvarandre i fellesskap. MUSIKK OG SONG I våre gudsteneste brukar vi mykje tid til musikk og song. Musikk er ei uttrykksform, ein måte å kommunisere med kvarandre og med Gud. Gjennom musikk og song kan vi på ein fantastisk måte uttrykkje det vi "har på hjertet", vår lengsel, vår tvil, vår tru, vår takksemd, vår kjærleik og vår tilbedelse. Djupast sett handlar det kristne livet om ein personleg relasjon til Gud. Visse songar har tekster som talar om Gud og vår relasjon til Han. Andre songar inneheld tekster som talar til Gud og fungerer som fellesbøner i ei gudsteneste. UTTRYKKSFORMER I Bibelens tekster framstår det som svært naturleg å uttrykkje seg med heile kroppen framfor Gud. Difor er det av og til enkelte som f.eks. lyfter hendene eller bøyer seg ned eller dansar. Lyfte hender kan uttrykkje at ein "gjev" si bøn, sin song, seg sjølv til Herren. Det kan også uttrykke at ein "tek imot" av den kjærleik og tilgjeving, den hjelp og godleik som Gud vil gi til oss. Bøygde kne kan være uttrykk for overgivnad og tillit til Gud. Slike kroppslege uttrykk er naturlege, og kan av og til være betre enn ord. Ofte byrjar vi ei gudsteneste med å stå opp og synge ilag. Seinare så brukar ein å sette seg om ein det vil, eller fortsette å stå. Vi tykkjer det er positivt med ei så fri og avslappa gudstenesteform. Å DELE I enkelte gudstenester skjer det noko som vi kallar "å dele", eller at vi har "delemøte". Då ber vi folk om å kome fram og dele med oss andre noko som dei trur kan være til nytte for andre i forsamlinga. Nokre les kanskje ei bibeltekst. Ein annan fortel om ei oppleving eller erfaring der Gud har gjort noko eller vist noko spesielt. Ein annan kjem kanskje med eit budskap eller eit metaforisk bilde som dei opplever Gud har vist for dei "profetisk" gjennom sin Ande. Den som vil bidra med noko i ei gudsteneste sjekkar alltid fyrst med ein av pastorane eller den som er ansvarleg for møtet. FELLESSKAP OG KAFFI Vi brukar tid til fellesskap og "kaffislabberas" under gudstenesta eller etterpå. Vi ser ikkje på dette berre som ei "pause", men som ein verdifull del av samlinga. Det er eit bra høve til å helse på dei ein kjenner eller for å treffe nye folk. Gud kallar oss ikkje berre til å ha fellesskap med seg sjølv, men også til fellesskap med andre menneske. Du som er ny, bruk gjerne dette høvet til å presentere deg for eit par personar. Der er vanlegvis også nokon ved "skranken" som kan hjelpe deg om du vil ha meir informasjon om forsamlinga. UNDERVISNING Det er vårt mål å ha med undervisning frå Bibelske tekster i dei fleste gudstenester. Vi ser på Bibelen som ei samling skrifter som Gud "openberrar" seg gjennom, eller der Han viser seg sjølv og sin vilje for oss. Gjennom Bibelens skrifter ser vi korleis Gud eigentleg er, korleis Han tenkjer, korleis han hanskast med oss menneska, kva Han vil og kva Han har planlagt for menneska i framtida. I Bibelen finn vi Guds retningslinjer for våre personlege liv i kvardagen, korleis vi best skal kunne fungere saman med andre i familien, på arbeidsplassen m.m. Gjennom Bibelen kan ein få hjelp til å forstå seg sjølv, kva vi treng på innsida, kva vi er skapte til. Ta gjerne med deg ein Bibel på gudstenesta slik at du kan fylgje med i tekstene som blir lest og referert i undervisninga. HERRENS MÅLTID Herrens måltid (eller "nattverd") er noko vi utfører i visse gudstenester der ein på ein særskild måte fokuserer på det Jesus Kristus gjorde på korset. Jesus gav sitt liv på korset for at vi skulle få ta imot forlating for våre synder og få evig liv i ekte personleg relasjon med Gud. Brødet og vinen som vi brukar i Herrens måltid symboliserer Jesu kropp som vart "broten" og Jesu blod som vart "utrent" for oss gjennom Hans død. Når ein tek imot brødet og vinen, er det meininga at det skal være eit ekte personleg uttrykk for at ein trur på Jesus Kristus og at ein tek imot forlating for syndene. Ein får naturlegvis velje sjølv om ein vil være med på denne handlinga eller om ein vil være tilskodar. Alle er velkomne til å delta, inklusiv barn. Vår praksis er at kvar person får ein bit usyra brød og eit lite beger med "vin" (druesaft), og at dei som deler ut seier "dette er Jesu lekam" og "dette er Jesu blod". PERSONLEG FORBØN I slutten av gudstenesta vert det vanlegvis gitt ei innbyding til personleg forbøn. Den som leiar samlinga (eller den som har undervisinga) innbyr dei som vil ta imot forbøn, å kome fram (eller til sides) til ein open plass i lokalet der ein treff forsamlinga sine "forbedarar" som er tilgjengelege. Forbedarane er personar som har erfaring med slik teneste og som leiarskapet i forsamlinga har tillit til. Vi trur at Gud sjølv er med og er aktiv når vi ber for kvarandre, at Han kjem nær og rører ved oss med sin Heilage Ande, sitt usynlege nærvær. Forbøn handlar ikkje om kjensler, og mange personar kjenner ingen ting når dei tek imot forbøn. På den andre sida finn vi dei som opplever sterke kjensler som resulterer i gråt eller at dei reagerer på ein eller annan måte under forbøn. Dette er også naturleg og normalt. Ein kan ta imot personleg forbøn for alle typar behov, for sin fysiske helse, for sine indre behov og spørsmål, for ein annan person, for sine økonomiske eller praktiske behov, for Guds visdom og leiing i ei viktig avgjerdsle, for hjelp med sine relasjonar med vener eller familie, o.s.v. Du som ikkje er kristen kan også ta imot forbøn om hjelp i din prosess med å forstå den kristne trua, eller hjelp til å lære å kjenne Gud personleg. Vi håpar du kan kjenne deg heime i gudstenesta og i fellesskapet. Mest av alt håper vi at du får oppleve Gud sjølv, oppleve Hans tilgjeving og hjelp i ditt liv, smake Hans fred og glede, og lære å kjenne Hans grenselause kjærleik til deg. Herren velsigne deg og vare deg! Herren la sitt andlet lysa over deg og vere deg nådig Herren lyfte sitt åsyn på deg og gjeve deg fred! I Namnet åt Faderen og Sonen og den Heilage Ande. Amen |